Korona

Smitteverntiltak

 

Vi er no tilbake til normalen i skulen. Ved behov, kan det innførast trafikklysmodell lokalt. 

  • Elevar og tilsette som har milde luftvegssymptom og som føler seg sjuk, skal ikkje møte på skulen, men halde seg heime til allmenntilstanden er god. Elevar og tilsette kan kome tilbake til skulen når dei føler seg friske og feberfri, sjølv om dei framleis har nokre symptom på luftvegsinfeksjonar.
  • Er du framleis sjuk etter 2 dagar, kontakt legen, så får du teste deg på legekontoret. 
  • Elevar: Vurdér om du er frisk nok til å gjere oppgåver heime, avtal dette med din kontaktlærar, som kan informere faglærarane. Fråværet kan i så fall registrerast som avtalt studiearbeid, slik at du unngår fravær
  • Tilsette: Vurdér om du er frisk nok til å ha nettundervisning med dine elevar. Avtal med din leiar.
  • Symptom på covid-19 kan vere milde og vanskelege å skille frå andre luftvegs-infeksjonar. Covid-19 smittar hovudsakleg via dråpe- og kontaktsmitte. Det er fyrst og fremst personar med symptom som er smittsomme, og smittefaren er størst idet symptom oppstår.
  • Dei mest vanlege symptoma på covid-19 er feber, hoste og tungt å puste. Les meir om symptom her
  • Handvask: Vask deg ofte med såpe og vatn. Skru igjen vannkranen med papir. Bruk minst muleg handsprit, då det tørker ut hendene.
  • Handvask/-desinfeksjon skal gjennomførast:
    • Ved ankomst skule
    • Før måltid/ mathandtering
    • Etter toalettbesøk
    • Ved synleg skitne hender
    • Etter kontakt med kroppsvæsker (eksempelvis etter å ha pussa nasen)
    • Etter kontakt med dyr

 

Snarvegar